Hud
- Opprettet torsdag 12. januar 2012 11:38
- Skrevet av Hanna Maria van Zijp og Karl Grahn
- Treff: 189

Huda er vår usensurerte biografi, men den visuelle kulturen oppfordrar til å forstå huda som eit mangelfullt lerret. Der kan berre pengar stoppa forsøket på å oppnå din beste versjon av deg sjølv. Sjølv om huda dokumenterer liva våre, er idealet hud som gløymer.
Huda er ikkje berre den fysiske grensa som held kroppen saman og skil det frå resten av verda. Den vernar og eksponerer sjølvet på ulike måtar. Forbrukarkulturen oppfordrar oss til å lesa huda – spesielt kvinneleg hud – som noko som treng intenst vedlikehald og rosemåling, med ei underliggjande frykt for såkalla skin conditions som ikkje stemmer med ideala.1 Men hjelpa er aldri langt borte. For kven veit vel ikkje betre kva du treng, enn kvinnene i kosmetikkimperia i sine legefrakkar?
Idealet om den perfekte huda avhengjer av kor og kva du er – geografi, sosial status, alder, kjønn. Uansett er det alltid nokon som tener pengar på dei ulike forsøka på å nå den beste versjonen av andletet og sjølvet. Trur me at polering av utsida katalyserer mirakel på innsida? Kva plass har huda i kulturhistoria? Kvifor er tid og hud uåtskiljelege? Kan ein tatovert person vera naken? Og kva er eigentleg hudfarge?
Huda er vår eigen biografi. Forsøka på å gjenskapa ein forbetra versjon av seg sjølv, gjer ein person høve til å starta på nytt, til å kvitta seg med dårlege kjærastar og oppvekstsår for godt. Berre då kan alt bli bra.
[Les mer i Personae 3/4-2011]
Tekst Hanna Maria van Zijp og Karl Grahn Foto Swiatoslaw Wojtkowiak


Please wait...